Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Undervisningsstilling i Teknikk- og industriell produksjon

Høyanger vgs har ledig undervisningsstilling i Teknikk- og industriell produksjon

Undervisning på programområde Teknikk- og industriell produksjon, som i hovudsak er mekaniske fag. Må påberekne å vere kontaktlærar.

Kvalifikasjonar
Fagbrev og arbeidserfaring innafor fagområdet TIP. Teknisk fagskule, ingeniørhøgskule eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Ønskjeleg med kompetanse innafor eit eller fleire av desse områda: industrimekanikar, sveisar, platearbeidar, hydraulikk, pneumatikk, PLS, 3D teikning og printing.
Gode digitale ferdigheiter.

Personlege eigenskapar
Høyanger vgs har eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og elevar. Vi er svært opptekne av gode relasjonar mellom lærar og elev.
Du må ha gode samarbeidsevner og villig til å dele kunnskap. Vi ser etter deg som er løysingsorientert og som er oppteken av å skape resultat i lag med andre.
Du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg.
Meir informasjon om skulen finn du på skulen si heimeside https://www.hoyanger.vgs.no.

Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande regulativ.
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Hjelp til å skaffe bustad.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Andre opplysningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må legge fram politiattest av nyare dato.

Kontaktinformasjon
Ståle Walsvik, avdelingsleiar, 57637781
Torill Thorbjørnsen, rektor, 57637787

Søknadsfrist: 21.06.2020

 

www.hoyanger.vgs.no

Webcruiter-ID:  4248204562

https://4170735415.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4248204562?link_source_id=3223266566

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord