Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. februar 2018
Ytre Sogn 26. februar 2018

Rektor – 2. gongs utlysing

 
Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med 325 elevar, 50 årsverk og SFO- ordning med 90 born. Kommunen og skulen deltek i eit pilotprosjekt med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høyanger vidaregåande skule om eit samanhangande opplæringsløp 1-13.

Skulen treng ny rektor i 100 % stilling frå 01.08.2018

Hovudoppgåver:
-Ansvar for fagleg og administrativ drift
-Ansvar for utvikling av skulen som lærande organisasjon og at måla blir nådde
-Inngår i kommunen sitt skulefaglege leiarforum saman med rektorar og inspektørar ved dei andre skulane

Vi ønskjer søkjarar som:
-Har god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
-Har godkjend undervisningskompetanse til å arbeide i grunnskulen
-Utøver tydeleg leiarskap
-Har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
-Er serviceinnstilt og løysningsorientert
-Har erfaring frå skuleleiing

-Tek rektorutdanning dersom dette manglar

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi kan tilby:
-Godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø
-Interessante og spennande arbeidsoppgåver
-Løn etter avtale
-Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
-Hjelp til å skaffe kommunal bustad

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kommunalsjef oppvekst  Stig Engen,  tlf 57 71 15 62/99 21 93 66.

Det er krav om politiattest ved tilsetjing.

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter på www.hoyanger.kommune.no

Merk søknaden med sak 18/96.

Søknadsfrist: 11.03.18

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord