Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

Dansepedagog

Dansepedagog i inntil 100 % stilling

Kulturskulen lyser ut ei prosjektstilling på inntil 100 % som dansepedagog i Hyllestad og Fjaler.

Fjaler og Hyllestad har hatt dansetilbod gjennom «Dans uten grenser» dei siste 10 åra. Tilbodet vil bli noko endra frå tidlegare, og vi ønskjer å tilby barnedans, ballett, moderne dans, hip-hop og/eller jazz og vaksendans. Dansepedagogen vil i tillegg til undervisning få det faglege ansvaret for dans i kulturskulen, og derav ein administrasjonsbrøk i stillinga.

Danseundervisninga vil foregå i kommunesentra på Hyllestad og Dale i Sunnfjord.

Hyllestad og Fjaler kulturskule har om lag 200 elevar og 6 årsverk, fordelt på 9 tilsette. I både Hyllestad og Fjaler er det starta bygging av nye lokaler, med eigna rom for dans, der kulturskulen vil samle mykje av si undervisning. Kulturskulen har tilbod innan musikk, dans og kunst, og er eit lokalt ressurssenter som yter tilbod til heile befolkninga frå 0 til over 100 år.

Arbeidsoppgåver

Dansepedagog.
Fagleiar dans i Hyllestad og Fjaler kulturskule.
Ansvar for gjennomføring av forestillingar og prosjekt i samarbeid med foreldre og andre lærarar i kulturskulen.

Kvalifikasjonar

Høgskuleutdanning, helst bachelor i dansefag.
Søkjar må ha førarkort kl. B, disponere eigen bil og ha gode norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du har eit fagleg engasjement, og evne og lyst til å jobbe med barn og ungdom.
Godkjent politiattest må framvisast før tiltreding i stillinga.

Vi tilby

Løn etter tariff.
Tilsettingsvilkår, rettar og plikter i tråd med lov, føresegner og avtaleverk.
Pensjonsordning i KLP, 2 % vert trekt frå løn til denne ordninga.

Velkomen som søkjar til stilling i kulturskulen!

Søknad

 

Søknadsfrist 1. mai 2019.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord