Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. januar 2019
Ytre Sogn 19. januar 2019

Ansvarleg driftsoperatør fartøy – Osland Sjøfart AS

Likar du deg best ute, med sjøsprøyt i håret og varierte arbeidsoppgåver?

Bli del av vårt nystarta arbeidslag med ansvar for drift av servicebåt

Osland Havbruk AS er eit av dei eldste fiskeoppdrettselskapa i landet, og har hovudkontor i Bjordal i Høyanger kommune. Vi produserer ein smak av Sognefjorden basert på naturgitte fortrinn, dyktige medarbeidarar og ei leiing som ser moglegheit for vekst og utvikling. Konsernet har 45 tilsette.
Les meir om oss på osland.no

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarlig driftsoperatør av Osland Sjøfart AS sine båtar og fartøy i serviceflåten.
  • Drift og vedlikehald av sjølokalitetane og matfisk
  • Overvaking og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Båtkyndig med praktisk erfaring
  • Løysingsorientert med HMS-fokus
  • Fagbrev innan maritime næringar eller relevant erfaring
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå sjølvstendig arbeid og frå andre bransjar vert oppmoda om å søkje
  • Ynskjeleg med relevante kurs og sertifikat, f.eks. båt, kran og DL5/D5

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • God turnusordning med stabil rotasjon
  • Turnusordning: 2 veker på/3 veker av, Osland Sjøfart med base på servicefartøy Ms Bjordal lokalisert i Bjordal, Sogn og Fjordane.
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikring og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Kontakt

Driftsleiar Johnny Kalstad, 975 51 705  eller   johnny@osland.no

Søknadsfrist:  1. februar

Send søknad og CV til:   johnny@osland.no

 

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord