Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

Administrerande Direktør

Sidan Arne Olav Østerbø starta opp i 1977 har Østerbø Maskin AS vakse til å verte ei av dei viktigaste bedriftene i området. Østerbø har hatt ei jamn og god utvikling dei siste åra og er kjent for sine kvalitetsprodukt, gode service og litande løysingar. Selskapet omsette i 2018 for 83,2 mill. kr der halvparten genererast innan havbruk. Hovudkontoret ligg på Østerbø ved Bjordal i Høyanger kommune med avdeling i Sløvåg i Gulen. Østerbø er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon, samt elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse.

 

Om stillinga:
Er du vår nye drivande dyktige Administrerande Direktør? Østerbø Maskin AS treng ein toppleiar som vågar å vere med å skape og vidareutvikle eit lite «industrieventyr» i Ytre Sogn. Du får det overordna ansvaret for å styre selskapet i retninga styret stakar ut. Du må vere god på økonomi, folk, lagspel (meir enn fotball), strategi og ha ei gjennomslagskraft det går gjetord om. Du vil vere overordna ansvarleg for å skape ein attraktiv arbeidsplass som framleis skal vere kjend for å levere litande løysingar til kundane. Velkommen til Østerbø!

Til Østerbø Maskin AS søker vi no Administrerande Direktør som vil ha det overordna strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i tråd med rammevilkåra og målsettingane styret vedtek. Stillinga vil ha overordna ansvar for drift, utvikling og vekst i Østerbø, deriblant ansvar for økonomiske resultat og rapportering av nøkkeltal i alle forretningseiningar.

Som administrerande direktør er du overordna ansvarleg for å vidareutvikle organisasjonen og kulturen, samt sikre at Østerbø framleis leverer litande løysingar til kundane.

Hovudansvar og oppgåver

*Overordna ansvar for å gjennomføre og tilpasse mål og strategi vedteke av styret og leiargruppa, derunder innføring og oppfølging av desse
*Overordna ansvar for ekstern og intern kommunikasjon
*Sikre at bedrifta har oppdaterte og gode driftssystem
*Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet
*Skape ein attraktiv arbeidsplass gjennom vidareutvikling av kultur og medarbeidarar og sikre rett kompetanse på rett stad i organisasjonen
*Myndigheitskontakt og overordna HMS-ansvar
*Merkevarebygging og synlegheit
*Vidareutvikle eksisterande samarbeid og skape nye strategiske alliansar
*Bistand i eventuelle oppkjøpsprosessar med ansvar for integrering av nye selskap

Bakgrunn og kompetanse

*Relevant høgare utdanning – helst teknisk i kombinasjon med leiing og økonomi
*Minimum 5 års relevant leiarerfaring, helst industribedrift
*God økonomiforståing
*Bransjeerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
*Prosjektleiing og prosjektmetodikk
*Lean og prosessforbetring
*Erfaring med kultur- og organisasjonsbygging
*God IT-kompetanse, digital forståing og interesse
*God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. God på formidling og innsal

Personlege eigenskapar

*Forretningsforståing: Du forstår verksemda sine strategiar og prioriteringar og brukar kunnskapen til å oppnå måla.
*Litande: Du etablerer truverd, møter utfordringar med rak rygg og andre menneske på ein god måte
*Sterk kommunikator: Du formidlar informasjon klart og lett, både munnleg og skriftleg.
*Relasjonsbyggar: Du søker stadig å etablere truverd, tillit og innflytelse hos kundar og andre. Samarbeider på tvers av etablerte rapporteringsliner.
*Lagspelar: Du set «vi» høgre enn «eg». Du motiverast av å gjere andre gode, deler ansvar og hjelper gruppa med å få jobben gjort.
*Resultatorientert: Du set utfordrande mål og jobbar hardt for å nå dei

Vi tilbyr

*Solid selskap med store vekstambisjonar
*Ei spennande stilling med stor moglegheit til å påverke
*God kultur, kompetente medarbeidarar som etterlever godt forankra verdiar
*Konkurransedyktige vilkår

Lokalisering og reise
Stillinga rapporterer til styret i Østerbø Maskin AS og arbeidsstad vil vere Østerbø og/eller Sløvåg.

Meir informasjon
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte Bønes Virik Executive Search:
Liv Braathen, Partner 488 49 499 eller Camilla Høgøy Helleseth, Executive Researcher, 464 26 866

Syns du dette er interessant?

Send oss nokre ord om kvifor og legg ved CV-en din via: https://bonesvirik.no/stillinger/.

Søknadsfrist er søndag 29. september.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord