Stiller ut i heimbygda


Reidar Normann Kristiansen reiste frå Høyanger for meir enn 40 år sidan. Men bileta hans tek han stadig tilbake.

- Her, på plassen nedanfor Folkets hus, slo vi på stikka Det vil seie, det var berre dei store, tøffe gutta som fekk vere med. Sjølv måtte eg stå her oppe og sjå på, seier Reidar Normann Kristiansen og peikar.


Han står framfor eit av bileta sine i Fjordgalleriet, i lag med Torfinn Fimreite, og minnest oppveksten i Høyanger. 


- Men du fekk vel vere med, seier han til kameraten, som nikkar bekreftande.


- Sjølvsagt! seier Fimreite og ler.

Og nettopp samtalar om tida som barn og ungdom i industristaden er det Kristiansen håpar å oppnå når han viser fram bileta sine, slik han no gjer i Høyanger. Alle motiva er nemleg henta frå den tida han framleis budde på Sæbø, på 1950- og 60-talet.

Les meir i siste Ytre Sogn!

Det første biletet han laga, av det gamle Samvirkekvartalet i Høyanger.