Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mai 2019
Ytre Sogn 25. mai 2019

565.000 kroner til oppgradering av stiar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. mars 2019

– Det har vore behov for å gjere noko med desse stiane i mange år, seier Olav Nordgulen og Synne Vefring i Høyanger kommune.

Gleda var difor stor då kommunen nyleg fekk vite at dei har fått tilskot på i alt 565 000 kroner frå Statens vegvesen til å oppgradere i alt stiar – eller snarvegar – i Høyanger, som mange nyttar når dei skal til og frå sentrum, frå bustadområda i Høgebakkane.

– Det tek mykje kortare å nytte stiane. Alternativet er å gå den lange vegen rundt, som også bilane nyttar. Så dei er også tryggare, ikkje minst for born som skal til og frå skule, seier Synne Vefring, som er kommuneplanleggjar, til Ytre Sogn.


Dei tre stiane som no skal oppgraderast er:

1: Gulvafaret – Høgebakkane

2. Høgebakkane – Gunnar S Gundersen veg

3. Gunnar S Gundersen veg – Tell Teigen veg

 

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!

 

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord