Sterk 9. plass i landevegs-VM


–Eg var nære medalje, så det var litt surt å ikkje klare det. Men dei siste sju mila hadde eg krampe heile vegen, seier Sedrik Ullebø som vart nummer ni i VM landevegsritt.

Med niandeplassen vart Sedrik den beste av dei norske deltakarane, og måtte gjere jobben sjølv då lagkameratane låg eit stykke bak.

Sedrik var med i finalen, og seier sjølv at han er ganske nøgd med ein niandeplass i eit VM, men dersom han hadde hatt litt mindre krampe mot slutten er han overtydd om at han skulle ha klart medalje.

–Det var nemleg ingen sterke spurtarar att i finalen, seier han.

Flat løype

Løypa i Qatar var flat. Korleis passe det deg?

–Det passa meg i grunn greitt, men det kunne ha vore nokre bakkar, eg vedgår det.

Rittet var på 135 kilometer, og ungguten frå Høyanger sleit med krampe dei siste sju mila.

Det var berre verre og verre til nærmare mål vi kom, så det var eit slit.

At eg hadde krampe resulterte også i at eg bomma då eg skulle ta imot flasker, så kanskje eg fekk i meg litt lite både drikke og mat undervegs, men det veit eg ikkje heilt.

Gjort annleis?

–Det er sjølvsagt greitt med ein niandeplass i eit VM, det må ein kunne seie. På den andre sida er det litt surt når ein er så nærme ein medalje. Det var ikkje langt unna.

–Var det noko du kunne ha gjort annleis?

–Nei, det trur eg faktisk ikkje. Sjølv meiner eg at eg var taktisk smart heile vegen. Det er også vanskeleg å seie om det kunne ha blitt medalje dersom eg hadde hatt hjelp mot slutten.

Stakk halvveges

–Om lag halveges var det ei gruppe som stakk i eit brot, då forstod eg at eg måtte vere med. Mot slutten var det att i lita gruppa, og den gruppa sat eg, seier Sedrik.

Med VM er denne sesongen over for Sedrik. Han skal snart i gang med førebuingane til neste sesongen.

På heimebane

Tour des Fjords skal neste sesong ha ein etappe frå Balestrand til Førde? Er det håp om å få sjå deg i det rittet?

-Ja, eg håpar å kunne få vere med der, svarar han.