Steinar sjarmerte bebuarane på Høyanger sjukeheim


- Det skaper litt ekstra glede i kvardagen, som er viktig i desse tider, er Astri Marie Austrheim og Anne Marie Fimreite, begge tilsett ved Høyanger sjukeheim, einige om.

Sist veke fekk nemleg ein del av bebuarane helse på geitekillingen Steinar, som til vanleg bur hos Anne-Jo Bjordal i Lånefjorden.

Ho er sjølv tilsett ved Høyanger sjukeheim, og har frå tid til anna teke med seg hunden sin Ajax, noko som har skapt mykje glede blant dei som bur der. Men denne gongen var også Steinar med, og gleda vart ikkje noko mindre sjølv om gjesten var av det heller uvanlege slaget, i alle høve på ein sjukeheim

- Har du lyst til å mate han? spør ho ein av bebuarane, og rekk vedkommande tåteflaska med mjølk i.

Og bebuaren er ikkje vanskeleg å be.

- Var det godt med mat? Ja, det er alltid godt med mat, nikkar vedkomande, medan Steinar glupsk forsyner seg av innhaldet i flaska.

Til stades var også Astri Marie Austrheim og Anne Marie Fimreite, som begge er tilsette ved sjukeheimen.

- Det å oppleve nærleik til dyr skaper glede. Ja, forsking viser også at dei har ein beroligande effekt på folk, til dømes på sjukeheimar. Så dette er berre kjekt, seier dei to om det heller uvanlege besøket.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Anne Marie Fimreite (f.v.), Anne-Jo Bjordal og Astri Marie Austrheim saman med Ajax og Steinar.

Høyange