Statkraft byggjer tunnel til Eringsdalen


Statkraft har i dag gjort investeringsvedtak om bygging av ein 3, 8 km lang anleggstunnel frå K2-området i Dalsdalen i Høyanger, opp til Eringsdalen.

I tillegg skal 10,5 kilometer av eksisterande anleggsveg i dagen i Eringsdalen oppgraderast til fullgod anleggsstandard.

– Grunnen til at Statkraft no byggjer anleggstunnel til Eringsdalen er ønsket om ei god transportløysing i samband med omfattande damrehabiliteringar i Eringsdalen dei næraste åra, der tilsaman sju dammar skal fornyast, seier informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft til Ytre Sogn.

I tillegg til damarbeida skal også eldre infrastruktur demonterast, og enkelte område ryddast. Alle desse arbeida føreset bruk av tyngre anleggsutstyr og krev ei god transportløysing til og frå Eringsdalen.
Anleggsarbeidet med sjølve tunnelen vil etter planen starte opp i månadsskiftet august-september 2018, medan oppgraderinga av anleggsvegen i dagen i Eringsdalen vil skje sommaren 2020.

Klar våren 2021

Når tunnel og anleggsveg står klar til bruk våren 2021, vil både anleggsdrifta og Statkraft sin lokale driftsorganisasjon i Høyanger kunne nytte denne transportløysinga.

Statkraft reknar med at både damarbeida og oppryddinga i Eringsdalen vil bli avslutta innan 2025. I heile denne perioden vil tunnelen vere stengd for alle andre enn anleggstrafikken og Statkraft sin lokale driftsorganisasjon i Høyanger.

NVE har bestemt at anleggstunnelen er stengd for ålmenn ferdsle og at det er opp til Statkraft å vurdere og eventuelt gje avgrensa bruksløyve for enkeltpersonar til å nytte tunnelen.

– Inntil vidare er det normal drift ved trallebana, og det vil det bli til 2025. Det betyr at ein har god tid til å finne gode og trygge løysingar når det gjeld ein avgrensa bruk av tunnelen til Eringsdalen etter 2025, seier Norman Kjærvik.