Startar opp biljardgruppe i Høyanger igjen


- Mange har gitt uttrykk for at dei er glade for at vi no kjem i gang igjen, seier Thord Are Stølen og Kurt Hande Aardal om at Høyanger no får si eiga biljardgruppe igjen.

Det skjer nesten 20 år etter at dei sist hadde det.

- Den gong var det eit aktivt miljø, som blant anna arrangerte Øren Cup, som var ei stor turnering, og del av Norgescupen. Spelarar i landstoppen deltok på den, fortel Thord Are Stølen og Kurt Hande Aardal, som nyleg vart valde til høvesvis leiar og nestleiar i den nystarta gruppa, som blir del av IL Høyang. 



Dei var begge aktive sist det var biljardgruppe i tettstaden. Den gong held dei til i kjellaren på samfunnshuset. Gruppa vart imidlertid lagt ned i 2001, blant anna fordi fleire nøkkelpersoner då flytta derifrå.





Større lokale


- Det har vore snakka om å få gruppa opp p gå igjen fleire gonger siste åra. Men det var først no, etter at Høyanger kommune investerte i to nye biljardbord i ungdomsklubben i rådhuskjellaren at det vart fortgang i det. 



Det er nemleg der biljardgruppa kjem til å ha øvingane sine framover, i alle fall no i byrjinga.

- Så får vi heller reise andre stader for å delta i turneringar. Men på sikt håpar vi på litt større lokale, med fleire biljardbord. Skal ein til dømes arrangere turneringer i Norgescupen er det krav om minst fire bord. 



Les meir i siste Ytre Sogn!