Startar ikkje opp att før i mars


Først i mars startar VVB Engineering Ltd opp arbeidet i Høyangertunnelen.

- Dei antyda oppstart i veke 10, det vil seie andre veka i mars, då vi nyleg snakka med. Så då får vi også gå ut i frå at det blir slik, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen til Ytre Sogn.

Det betyr i så fall fri ferdsel gjennom tunnelen fram til 6. mars.

Tidlegare har det blitt sagt frå vegvesenet si side at dei håpa at elektroarbeidet i tunnelen kom i gang i midten av desember, vel ein månad etter at Veidekke Entreprenør var ferdig med anleggsarbeidet i tunnelen. Sidan vart det sagt byrjinga av februar. Men no er det altså klart at det ikkje skjer før i mars.

Innan november

Men ifølgje Hovland er det noko VVB Engineering står fritt til å gjere.

- Dei bestemmer sjølve når dei vil starte opp arbeidet. Vi har berre ein sluttdato å halde oss til i kontrakten som er inngått, og den er 1. november. Så om dei meiner at det er nok tid til å fullføre den, får vi tru det, sjølv om vi gjerne hadde sett at dei kom i gang før, seier han.

Oppgraderinga av den vel 7,5 kilometer lange tunnelen på fv 55 mellom Høyanger og Balestrand er delt i to entrepriser. Den første galdt anleggsarbeid, og vart avslutta tidleg i november. Den andre gjeld elektroinstallasjoner, og inneber å fjerne dei som no er i tunnelen, og erstatte med blant anna 102,5 kilometer kablar, 560 lysarmatur, 300 rømmingslysarmaturar, 19 tavler, 14 UPS, 80 innvendig skiltmed lys og 42 naudtelefonar. Entreprisen omfattar også montering av 16 vifter, men ikkje levering.

Berre på dagtid

Statens vegvesen fekk inn i alt åtte tilbod på elektroarbeidet i Høyangertunnelen. Dei varierte frå 28,7 til 42,6 millionar kroner. VVB Engineering - som er eit engelsk selskap, men som har avdeling i Norge - gav det lågaste.

-VVB Engineering har sagt at dei berre vil arbeide om dagen- altså ikkje om kvelden og natta, slik Veidekke gjorde. Det betyr i så fall at det berre er kolonner gjennom tunnelen om dagen, seier Hovland.

Det vil skje til dei same faste tidene som Veidekke Entreprenør hadde i siste del av anleggsperioden sin. Då var tunnelen stengt inntil 1,5 timar om gongen. I første del var tunnelen, som kjend, stengd opp til 3-4 timar om gangen.

10-12 i arbeid


VVB Engineering kjem til å ha i alt 10-12 personar i arbeid i tunnelen framover. I tillegg kjem dei som tek seg av trafikkavviklinga.

-Til det har selskapet leigd inn Per A. Øren, slik også Veidekke Entreprenør gjorde, seier Hovland.