Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. september 2020
Ytre Sogn 19. september 2020

-KaffeTelegrafen er som veldig mange andre i ein sårbar situasjon for tida og treng difor litt hjelp, seier Christine Norevik i Høyanger.

Starta innsamling for å hjelpe KaffeTelegrafen

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 24. mars 2020

– Vi treng ein møteplass som KaffeTelegafen i Høyanger, og difor treng Jannike og Veronika litt hjelp slik at kaféen også er her når denne situasjonen er over, seier initiativtakar Christine Norevik.

Med strenge restriksjonar for å avgrense og redusere smitte av koronaviruset er det svært utfordrande for både små og store bedrifter å halde hjula i gang. Ein av dei er serveringsstaden KaffeTelegrafen, som vart starta opp i det gamle telegrafbygget i Høyanger av søstrene Jannike og Veronika Nessestrand i 2016.

-KaffeTelegrafen er som veldig mange andre i ein sårbar situasjon, der ein framleis har utgifter som må betalast. Sjølv om mange er flinke til å nytte seg av «take away» som kaféen tilbyr i desse vanskelege tidene, så er det lite kundar. Vi treng ein møteplass som KaffeTelegafen i Høyanger, som eg og mange andre brukar og er glad i, seier Christine Norevik, initiativtakar til å hjelpe dei via Spleis, som er ei digital pengeinnsamling.

Ho fortel at responsen så langt har vore veldig god, og at summen måndag føremiddag var komen opp i 16 400 kroner.

Til Ytre Sogn seier Jannike Nessestrand at ho og søstera Veronika vart veldig rørt og gledeleg overraska over initiativet frå Norevik.


-Det var heilt uventa men svært gledeleg nyheit å få i desse uvisse og tunge tidene som vi er inne i no, seier ho og fortel at med dei restriksjonar som er no er to av dei tilsette permitterte og kaféen berre open for «take away».

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Kaféen i Høyanger er no berre open for «take away».
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord