Ståande applaus for Balestrandrevyen


Årets Balestrandrevy, «På vestkanten», harselerte med både komunereform og politireform, og mottok ståande applaus frå publikum i eit fullsett Balestrand bygdahus. 

-Etter eit opphald på litt over tre år, er det utruleg kjekt å vere i gang att med revyen. Med alle som er med både på scena og bak i kulissane er vi om lag 30 stykker i alderen 5-82 år. Nokre er med for første gang, medan andre er «gamle traverar» og har vore med frå starten, seier revysjef Liv Anne Breidablikk til Ytre Sogn.

Les meir om revyen i siste utgåve av Ytre Sogn!