Sprek hundreåring i Høyanger


Søndag  28. mai, fylte Margit Hansine Vedvik 100 år. Ytre Sogn møtte ein svært så munter og opplagt  jubilant i hennar omsorgsbustad i Storgata i Høyanger.

Det er imponerande å sjå og høyre på Margit når ho er i dette humøret. Med gullkrone på hovudet og gullbriller på nasen, smiler ho lurt, og latteren sit laust i samtalen med barnebarnet Anita, oldebarnet Joakim og underteikna.

Sterk i trua

På bordet er det kamferdrops, blomster, songbok og fjernkontrollar, det siste sørger for Margit si kveldsunderhaldning, Visjon Norge. Ho er sterk i trua ho Margit, og legg heile æra for at ho har blitt så gamal til høgare makter.

-Hadde det ikkje vore for Gud, så hadde eg vore daud for lengst, seier Margit.

Barnebarnet, Anita Vedvik, seier til farmora at det kan hende at ho sjølv har litt av æra for at ho no blir 100 år.

–Du har jo ikkje røykt og ikkje drikk du alkohol, seier Anita. Margit ler hjarteleg, men så blir ho litt alvorleg att, og gjentek på nytt kven som har æra.

–Eg har overvunne kreftsjukdomen to gonger. Ein stor ryggoperasjon lenka meg til senga i lang tid. Eg låg i strekk for ryggen var så dårleg. Det var vanskeleg å få sove, men så kom det ein predikant til meg for å be.

–Er det no noko meir med deg, Margit, sa predikanten.

Etter dette vart eg frisk og fekk reise heim til Høyanger neste dag, seier ho.

Braut nakken

Seinare braut eg nakken. Det var då eg budde i Hjetlandsbakkane.  Det var ei vond oppleving. Eg hadde vore på besøk til ein nabo i 3. etasje, og var på veg til min eigen bustad då eg stupte og braut nakken. Alt vart svart.

 –No døyr eg, tenke eg.

Legen kom frå Balestrand. Først  vart eg  sendt til Førde og sidan til Haukeland for operasjon. Det tok lang tid før eg vart frisk att, seier Margit.

Viksdalen

Margit Hansine Vedvik vaks opp i Viksdalen, med faren Mikal og mora Hanna. Ho var ein del av ein stor søskenflokk på ti. Ho var nest yngst i flokken, og kan fortelje om ein oppvekst som ikkje alltid var lett. Det var tronge kår i storfamilien på Mossestad.

Margit Vedvik, nr 2 frå venstre bak, vaks opp i Viksdalen.

I år feirar også idretten i Høyanger 100 år.. I samband med det har dei laga ei t-skjorte med teksten ”Ein sprek hundreåring”. Det kan ein trygt seie om Margit også, for rett som det er tar ho seg ein spasertur i Høyanger sentrum.

Dale

Store delar av livet i Høyanger har ho heldt til på Dale. Først leigde familien husvære, sidan bygde mann hennar, Abraham Sivert Vedvik, hus. Ho fortel at han og naboen, Odd Indrebø, saman bygde to hus, nabohus.

Først bygde dei Indrebø - huset, og så deira.

–Dei gjorde ikkje anna enn å arbeide. Først var dei på jobb på verket og så bygde dei hus då dei kom heim, seier Margit. Det vart eit praktisk hus, med to etasjar og fullt loft. Første etasje vart leigd ut. Heilt fram til ho hadde runda 80 år sykla ho til Høyanger sentrum og opp att på Dale.

–Eg likte meg godt på Dale, seier Margit.

Vi var fleire husmødrer der oppe, og vi hadde det sosialt og godt.

Ulykke

Ein gong skjedde det ei ulykke med mannen Abraham når han var på jobb på verket.

-Han knuste foten. Den skulle vore amputert, men doktor Giæver jobba med han heile natta og klarte å redde foten. Han var ein dyktig lege, men veldig streng, seier Margit, og ler godt.

Stor sorg

Margit og Abraham fekk fire born, to gutar og to jenter. Innimellom kjem ho inn på den store sorga i livet, for tapet av mannen og begge sonene har gjort inntrykk.

Margit sit på senga si i omsorgsbustaden i Høyanger. På veggen er eit flott bilete av ho på 90 års- dagen.

–Skal vi ikkje prate om noko hyggjeleg i staden, seier Anita.

–Du har jo så stor familie. Kor mange barnebarn og oldebarn har det blitt no?, spør ho farmora.

Margit ler igjen. Ja, kor mange, eg veit det er mange. Det har kome fire nye oldebarn den siste tida. Anita hjelper til med teljinga, og dei finn ut at det er 12 barnebarn og 23 oldebarn, men at det er endå eit oldebarn på veg, og då blir det 24.

–Det er kjekt med stor familie, seier jubilanten, og smiler.