Sprek 70-åring i Høyanger


Det vart ei flott feiring av Høyanger pensjonistlag sine første 70 år på Øren Hotel laurdag kveld.

Dei over 100 medlemmene som var til stades fekk servert ein variert meny med alt frå konsert til middag og talar som høyrer med i ein slik samanheng.
Dei tre andre pensjonistlaga i kommunen var representert med leiarane sine og bar fram helsingar og hadde med seg gåvesjekk. Dei tre var Olav Hellebø, Lavik, Gerd Brekke, sørsida og Audun Digranes, Vadheim.
Alle dei tre sa i sine innlegg at dei høyrde heime i Høyanger kommune, og ikkje ville ha flytting til andre kommunar.

Fylkesleiar Per Kjelstad og forbundsleiar Jan Davidsen var også til stades. Kommunen var representert med rådmann Arve Varden og ordførar Petter Sortland.

Les meir i papirutgåva tysdag!