Språkrådet vil at bygda skal heite Nordvikane


Språkrådet tilrår at bygdenamnet blir skrive Nordvikane, og ikkje Norevik. Dei vil også ha Austrebø i staden for Østerbø.

Både kommunestyre og namnenemnd i Høyanger har tidlegare uttalt at namna blir skrivne Norevik og Østerbø. Det same har innbyggjarane i dei to bygdene. 


– Vi meiner at dei som eig bruka har rett til å velje namn, og i denne saka har både dei og vi vore klare på kva vi ønskjer overfor Språkrådet. Vi vil at det skal vere namna som er allment brukt i dag, både i tale- og skrivemåte, og det er Norevik og Østerbø. Eg ser at dei blant anna har teke utgangspunkt i himmelretningane nord og sør, aust og vest, og difor tilrår Nordvikane og Austrebø. Det blir for konservativt, tykkjer Arild Gjelsvik, som har jobba med adresseprosjektet i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.



Vil ha møte


Han understrekar at Språkrådet kjem med ei tilråding. Det er Kartverket som gjer endeleg vedtak i saka, og det er ikkje alltid dei følgjer den. 


– Difor vil vi prøve å få til eit møte med Stadnamntenesta på Vestlandet i løpet av månaden, og håpar at dei vil vere lydhøyre for synet vårt når det gjeld Norevik og Østerbø, seier han og peikar på at det er viktig at dei no får ei avklaring, slik at også dei siste offisielle adressene på nord- og sørsida kjem på plass. 


Tilrådinga frå Språkrådet inneber også at dei avleidde namna av Nordvik blir skrivne Nordvikheia, Nordviktunellen og Nordvikbrua. Når det gjeld Austrebø blir dei Austrebøfjellet, Austrebøvatnet og Austrebøstraumen.