Sp vann skulevalet i Høyanger


Senterpartiet fekk heile 40,9 prosent av røystene då elevane ved Høyanger vidaregåande skule hadde val i dag.

Dei fekk ialt 52 røyster.

Nest størst vart Arbeidarpartiet med 44 røyster, eller 34,6 prosent.

129 av 145 elevar røysta, noko som gav ein valoppslutnad på 89,0 prosent. To av røystene vart forkasta.

Slik fordelte røystene seg:

Raudt 4,7 prosent
Sosialistisk Venstreparti 8,7 prosent
Arbeidarpartiet 34,6 prosent
Senterpartiet 40,9 prosent
Miljøpartiet Dei Grøne 0,8 prosent
Venstre 1,6 prosent
Høgre 6,3 prosent
Framstegspartiet 0,8 prosent
Norges Kommunistiske Parti 0,8 prosent
Partiet Dei Kristne 0,8 prosent