Sp-leiaren fekk høyre om ulven sine herjinger i ytre Sogn


- Slik regelverket er no, er staten motspelar i rovdyrpolitikken, i staden for å vere medspelar, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

På si rundreise i fylket møtte han onsdag kveld partifeller i Hyllestad. Tema var ulven som har vore jakta på i kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger siste tre åra, og han fekk blant anna høyre Unni Tveito si historie. I

Tapt mange dyr


I løpet av desse åra har gardbrukaren i Brendsal, aust for Leirvik, mista rundt 70 lam og 10 sauer. 



- Før ulven kom hit kunne vi miste frå to til fire lam og omtrent ikkje vaksne dyr i løpet av ein beitesesong. I sommar hadde vi 64 lam ut på beite og av dei har 36 kome heim. Så det er mange som ikkje er gjort reie for, fortalde Tveito.



Sidan har dei vore ute og leita nesten kvar dag i det store beiteområdet, som strekk seg like inn til Lavik.



- No er ikkje lenger det å gå i fjellet noko vi forbind med trivsel. I staden handlar det om å gå og sjå etter kadaver. Det er rimeleg tøft, sa ho.



-Betre regelverk


- Slik regelverket er no, er staten motspelar i rovdyrpolitikken, i staden for å vere medspelar. Difor må vi berre halde fram og presse på, slik at vi får eit regelverk som er tilpassa den kvardagen folk lever i, sa Trygve Slagsvold Vedum på møtet og viste til at det politiske ansvaret her ligg hos regjeringspartia H, V og Kr, og Sveinung Rotevatn som leiar for Miljøverndepartementet.



- Det må vi utfordre dei på, slik at jakta vert lettare, meir effektiv, og dermed også billegare, sa han, men understreka at det ikkje berre må handle om kroner og øre.



- Det er også viktig å sjå og lytte til enkeltpersonane oppi dette, slik vi fekk på møtet i Hyllestad. 



Les meir i siste Ytre Sogn!

Sp-leiaren fekk overrakt ein kakespade i granittglimmerskifer av partifellene Morten Askvik og Karin Tonning Hatløy.