Søstrene Måren Løseth til NM


Søstrene Lisa Måren Løseth (17) og Ida Måren Løseth (14) er begge kvalifisert til å delta i NM i friidrett på Byrkjelo 17. – 19. august.

Når veslesøster Ida også klarte kravet til senior-NM stiller begge dei talentfulle friidrettsutøvarane frå Høyanger til start under NM på Byrkjelo kommande helg. Ida måtte under kravet på 16.45 og det klarte ho med glans. Stemnet der ho kvalifiserte seg gjekk på Fana stadion no i august, og tida hennar vart 16.32.

–Eg prøvde å kvalifisere meg tidlegare også, men da hadde eg vore sjuk så det gjekk ikkje så bra. Eg var litt usikker før start om eg ville klare det, men no gjekk det jo bra. Eg er nøgd med det, seier Ida.

Les meir om Lisa og Ida i Ytre Sogn

Lisa Måren Løseth hadde krinsrekorden på 5000 meter kappgang for 15 åringar med tida 29.10, heilt til søstera Ida slo den i år. Krinsrekorden vart i familien.

Ida Måren Løseth er berre 14 år, men ho tok krinsrekorden på 5000 meter kappgang med tida 28.52 den 9. juni i år.