Søstrene Lavik har gjort stor suksess med forundringspakkar


Plutseleg var det bom stopp hos butikken Søstrene Lavik. Men Bente-Annita Lavik Coskun visste råd.

- Det tok heilt av, seier ho til Ytre Sogn.


Butikkinnehavaren i Lavik snakkar om forundringspakkane som dei byrja å køyre ut til kundar etter nedstenginga for vel to månader sidan, som følgje av koronasituasjonen. Frå eine dagen til neste var alle kundane borte. Omsetnadssvikten i mars åleine var på 60 prosent, og alle tilsette - utanom Bente-Annita Lavik Coskun sjølv - vart permitterte.


- Då tenkte eg at no må vi finne på noko anna som gir omsetnad. Eg høyrde om ein annan butikk som laga til eigne forundringspakkar med ulike varer, som vart køyrde ut til kundar. Eg tenkte då at vi kunne prøve det same her, slik at vi fekk omløp på varer, seier ho og peikar på at det er viktig sidan dei får inn nye heile tida.


Det innebar også at kundar ikkje måtte oppsøkje butikken fysisk, men at dei likevel var med og støtte opp om den.

- Sist - men ikkje minst - var det høve til å gje nokon ei koselig overrasking i utfordrande tider, der ein gjerne ikkje hadde moglegheit til å besøkje kvarandre, seier ho.



Ho fortel at det tok heilt av, ikkje minst pakkane dei laga til høgtider, no sist i samband med 17.mai-feiringa. 
Det er køyrd ut forundringspakker til kundar både i Lavik, Vadheim, Leirvik, Hyllestad, Skifjorden, Lavikdal og andre stader.

- Det har vel blitt mellom 250 og 300 sidan byrjinga av april, seier ho.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Frå eine dagen til neste var alle kundane til Søstrene Lavik borte, som føælgje av koronasituasjonen.