Søstrene Lavik gjer suksess med pop up-butikkar


Då trafikken forbi butikken vart mindre som følgje av koronapandemien, måtte dei tenke nytt. No gjer Søstrene Lavik suksess med pop up-butikkar.

- Det går ein eller to månader mellom kvar gong vi pakkar ned eit stort utval moteklede frå butikken i Lavik, og reiser til ein stad utan slikt tilbod. For akkurat det er viktig; Vi ønskjer ikkje å ta opp konkurranse med andre tilsvarande butikkar som allereie er der, Det kan vere tøft nok som det er å drive butikk på mindre stader, seier Bente-Annita Lavik Coskun medan ho rydder på utstillingsbordet i den førebels siste pop up-butikken deira.

Sist veke tok ho nemleg med seg delar av vareutvalet til Sande, i lokala der serveringsstaden Mjølkerampen tidlegare heldt til. I tre dagar selde ho moteklede for damer, samt eit utval gåveartiklar.

Ho fortel at det heile starta i vår, då koronapandemien slo inn, og ho såg at ho måtte tenkje nytt om ho skulle halde omsetnaden til butikken oppe. Då kom idéen om ein pop up-butikk - det vil seie ein butikk som dukkar opp for ein kort periode - opp.

- Når folk kvir seg for å reise, kjem eg til dei i staden, seier ho med eit smil. 


Første gong Coskun pakka ned varer frå butikken i Lavik var i mai i år. Då sette ho kursen mot Dale i Fjaler, og senteret der, i butikklokale som då stod tomme. Og det var ein stor suksses.

- Eg selde tre gonger meir enn forventa. Så det var tydeleg at dette var eit tilbod folk sakna, seier Coskun.

Les meir i siste Ytre Sogn!