Sortland tek dialogen med Fylkesmannen


–Eg tek dialogen med Fylkesmannen om ein ny runde om kommunereforma, men då må det kome fram noko nytt. Det seier høyangerordførar Petter Sortland til Ytre Sogn.

Før helga kom Fylkesmann Anne Karin Hamre med eit utspel om at ho ville ta ein ny runde med ordførarane i kommunane som hadde sagt nei til samanslåing. Ho oppmoda kommunane om å gå i dialog for å sjå om det kan vere grunnlag for å få til vedtak om samanslåing innan den nye fristen som er sett til 31. desember. Det vil vere ein styrke for prosessane at kommunane sjølve har handa på rattet, skreiv Hamre i ein kronikk som stod på trykk i Ytre Sogn fredag 8. juli.

Les meir i papirutgåva