Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

Emmelin Louise Milde (t.v) og Helmine Astrid Milde ved barneavdelinga ved Høyanger bibliotek.

Sommarles har teke heilt av

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 3. juli 2018

Ved biblioteket i Høyanger har den landsomfattande lesekampanjen for 1.-7. klassinngar Sommarles teke heilt av. I år har heile 118 elevar registrert seg, blant  dei Helmine Astrid Milde og Emmelin Louise Milde.

Ytre Sogn møtte dei to søstrene, som går i høvesvis 1. og 3.klasse, i barneavdelinga til Høyanger bibliotek. Helmine har i løpet av juni månad lest heile 32 bøker, og er med det heilt i toppen blant landets leselystne barn.

Mor til dei to jentene fortel til biblioteket at det siste Helmine gjer før ho legg seg, og det første ho gjer når ho vaknar er å lese.

–Eg likar godt å lese detektivbøker, seier Helmine.

Les meir i Ytre Sogn

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord