Sølve og Ola er norgesmeistrar i elektrofag


Sølve André Dale og Ola Nedberge Hille frå Høyanger vidaregåande skule gjekk torsdag heilt til topps i elektrofag under skule-NM.

Det ville skulen markere, og fredag vart det servert kake til dei to ferske norgesmeistrane, samt lærarane deira, i kantina på Høyanger vidaregåande skule.

– Det kjennest veldig bra, seier Sølve André Dale frrå Hyllestad og Ola Nedberge Hille frå Lærdal, som altså var tilbake på skulen allereie dagen etter at dei vart kåra til norgesmeistrar i elektrofag, i konkurranse med 22 andre.

Det skjedde på Glemmen videregåande skole i Fredrikstad torsdag kveld.

– Etter at dei hadde ropt opp 2. og 3.plass fekk vi høg puls. Vi visste jo at vi hadde gjort det bra undervegs. Alt gjekk som vi hadde planlagt. Men då vi vart ropt opp på 1. plass gjekk det likevel ei stund før vi forstod det. Vi måtte sjå på kvarandre om vi hadde høyrt rett før vi torde å sleppe jubelen laus. Men så tok det heiltav, seier dei to og gliser.

Og det er mange dei ønskjer å takke for det.

– Både lærarane våre og dei andre i klassen har støtta oss heile vegen.. Så dei må vi takke. Det same gjeld HAFS Elektro & Rør som kom og hjalp oss i førebuingane. Det var også viktig, seier Dale og Hille.

Les meir om prestasjonen deira i tysdagsutgåva av avisa!