Sølve André (17) er fylkesmeister i elektrofag


For andre året på rad gjekk ein elev frå elektrolinja til Høyanger vidaregåande skule til topps i Sogn og Fjordane meisterskapen i yrkesfag. Denne gong var det Sølve André Dale (17) frå Leirvik.

Samstundes gjekk Sera Natacha Solheim frå Måløy til topps i frisørfaget. Dermed vil Høyanger vidaregåande skule vere representert med to elevar når Norgesmeisterskapen går av stabelen i Fredrikstad i april.

- Eg hadde sjølvsagt lyst til å vinne når eg var med i fylkesmeisterskapen, men var ikkje sikker på korleis det ville gå. Vi hadde jo fått oppgåva på førehand. Men det er noko heilt anna å gjere det i ein konkurranse, seier Sølve Andrè Dale frå Leirvik til Ytre Sogn. Han går til vanleg på Elektro Vg2 ved skulen i Høyanger, og var ein av ialt ni elevar derifrå som deltok i Sogn og Fjordane-meisterskapen i yrkesfag, som gjekk av stabelen torsdag 14. februar på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Ialt 160 elevar på vg2 yrkesfag konkurrerte innanfor 24 ulike fagområde.

Ståle Walsvik, avdelingsleiar for yrkesfag på Høyanger skule, er nøgd med innsatsen til elevane sine i meisterskapen.

– Det viser jo at vi gjer mykje rett på skulen, og at vi har både dyktige lærarar og elevar. Når vi vinn så bidreg jo det til eit godt omdøme, som er viktig for rekrutteringa til skulen. Elles er det også andre året på rad at vi vinn i elektrofag. Så vi er veldig stolte, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Etterpå var det opp på scena for å motta pokal og medalje for 17-åringen frå Leirvik.