Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. januar 2019
Ytre Sogn 19. januar 2019

Høyanger-presten Runar Matsui-Li bruker tida si utanom jobb på Kyrkjebø som birøkter.

Sokneprest med bi(e)jobb

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 27. desember 2018

Høyanger-prest Runar Matsui-Li har i fleire år hatt ein noko uvanleg hobby, nemleg birøkting.

Det er kaldt i lufta og stille i biegarden på Kyrkjebø. Ytre Sogn har fått lov til å vere med Høyanger-presten Runar Matsui-Li for å sjekke at alt står bra til med biene hans.

–Det aller viktigaste som birøkter er velferda til dyra. Den står i hovudfokus og er det ein bruker mykje tid på, fortel den sertifiserte birøktaren medan bikubane nærmar seg, og den kvite birøkterdrakta kjem på.

Sidan 2014 har han drive som birøkter ved sidan av arbeidet som prest, og har også etter fleire år med erfaring blitt leiar i Fjordane Birøktarlag og fylkeskontakt for Norges Birøktarlag. Og det var ikkje heilt tilfeldig at det vart nettopp birøkting Maysui-Li vart interessert i. Tidlegare har han nemleg drive med kjøkenhage.

–Eg ville drive med noko som hadde med primærnæring å gjere, og utnytting av ressursane i naturen. Då vart birøkting raskt ei interesse, fortel han, omringa av dei i alt 14 bikubene sine.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

Det viktigaste som birøkter er at velferda til biene.
-Eg ville drive med noko som hadde med primærnæring å gjere, og utnytting av ressursane i naturen. Då vart birøkting raskt ei interesse, fortel presten omringa av 14 bikuber.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord