Søkjer om løyve til å rive Krokevasselva bru


Vestland fylkeskommune søkjer om løyve til å rive brua over Krokevasselva, på fylkesveg 5442 mellom Bjordal og Matre, og erstatte den med ei ny.

Brua vart skadd i eit sprengningsuhell i 2018, samtidig med at det er vanskeleg for større køyretøy å å kome over brua. Det går fram av eit skriv Multiconsult har sendt Høyanger kommune, på vegne fylkeskommunen i Vestland.

Der kjem det også fram at den nye brua vil få tilsvarande antal fundament/pilarar som den gaml . BKK Produksjon AS har gjort utrekningar av 200-årsflaum for å sikre at det er nok overløpskapasitet i ein ekstremsituasjon. Dei viser at det er tilfelle, og at det nye brufundament kan etablerast som planlagt. Det siste er også ein føresetnad for Vegdirektoratet si godkjenning av prosjektet.