Sogndal vart for sterke for Høyang


Høyang spelte tre seriekampar på tre dagar sist veke. Torsdag var det kamp mot rivalane frå Sogndal i Høyangerhallen. Det var jamt lenge, men Sogndal fekk hemnen sin og vann til slutt 28-22 etter ein solid sluttspurt.

Det vart ein tett kamp frå første minutt då rivalane Høyang og Sogndal møttest til duell. Benedicte Frøyen Bergset opna med ei flott skåring og Sandra Ølmheim med ei god redning, men det skulle gå heilt til midten av andre omgang før heimelaget var tilbake i leiinga. Sogndal tapte begge kampane mot Høyang i 2016-sesongen og var nok meir enn klar for å ta revansje.

Bilete summerer styrkeforholdet i kampen mellom Høyang og Sogndal. Dei siste 15 minuttane vart Agnete Ørnehaug og heimelaget bokstavleg talt most av gjestane frå Sogndal. (Foto: Mohanned Galal)

Les meir om kampane i Ytre Sogn tysdag