Sogn Aqua vil utvide anlegget i Ortnevik


Sogn Aqua ønskjer no å utvide kveiteproduksjonen ved anlegget sitt i Ortnevik med 200 tonn.



Difor varsla bedrifta - saman med Swelco - nyleg oppstart av arbeidet med reguleringsplan for utviding av lokaliteten i Ortnevik. Planen inneheld også areal for utviding av Ortnevik Tre.

- Vi ønskjer å leggje forholda til rette for fleire spennande arbeidsplassar i Ortnevik. For Sogn Aqua er utvidinga eit ledd i ei større satsing der vi tidlegare i år sendte inn konsesjonssøknad for ein ny lokalitet på Ortneset i Brekke, i nabokommunen Gulen, seier Ole-Kristian Hess Erga, utviklings- og kvalitetssjef i Sogn Aqua, til Ytre Sogn.

Bedrifta har i dag ein produksjonskapasitet av kveite på 600 tonn, og planlegg framtidig produksjon av inntil 2 800 tonn kveite gjennom utviding i Ortnevik og nybygging på Ortneset.

- Saman med nære og innovative samarbeidspartnarar tek vi no landbasert oppdrett eit steg vidare. For å få til dette samarbeider vi med Østerbø Maskin og Greenstat Energy for å utvide kapasiteten i det eksisterende anlegget vårt i Ortnevik med 200 tonn, til 800 tonn i året, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Anlegget i Ortnevik har i dag ein produksjonskapasitet på 600 tonn kveite. (Foto: NWP)