Snart plass til dobbelt så mange bilar


Etter mange år med for lite parkeringsareal ved Kyrkjebø kyrkje inngjekk Høyanger kyrkjelege fellesråd ein avtale om kjøp av areal for utviding av parkeringsplassen på vestsida av kyrkja i 2017. Det nye arealet vil føre til ei dobling i talet på parkeringsplassar, frå 15 til 30 plassar.

– Prosessen har godt bra, men det har teke litt tid. Grunnen til det er at grunneigaren helst ville at parkeringsplassen vart plassert i tilknyting til gangvegen. Dette for å spare mest mogeleg matjord. Vi hadde ei runde på dette saman med Statens Vegvesen der vi teikna opp korleis parkeringsplassen skulle sjå ut, og korleis dei ville stille seg til at vi la opp til køyring på gangvegen i tilknyting til parkeringsplassen. Vegvesenet var heilt klare på at det ikkje var ønskjeleg med køyring på gangvegen. Dei meinte at planløysinga vi har i dag er den beste. Vi tok med oss denne informasjonen tilbake til grunneigaren og kom til slutt fram til ei semje, så det har løyst seg og gått veldig bra, fortel kyrkjeverje Bjørnar Otterstein til Ytre Sogn.

Les meir i papirutgåva av Ytre Sogn