Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. september 2020
Ytre Sogn 19. september 2020

Etter å ha vore stengd i over to månader , gler Frode Øren og Siw Høyvik Øren seg no til å kunne opne Øren Hotel for gjester igjen. Det skjer frå måndag 25. mai.

Snart opnar Øren Hotel dørene igjen


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 18. mai 2020

– Vi kan nesten ikkje vente med å kome i gang igjen, seier Siw Høyvik Øren og Frode Øren. To månader etter at Øren Hotel i Høyanger vart stengd på grunn av koronapandemien, førebur dei seg på å opne hotellet igjen. I alle fall delvis.

Det skjer måndag 25.mai.



- Men vi byrjar forsiktig, og må sjå korleis det utviklar seg. Det betyr at vi har ope om morgonen, og at gjester då kan velje mellom kald eller varm frukost, som dei får servert ferdiglaga på tallerken. Sidan held vi stengt nokre timar før vi opnar igjen på ettermiddagen, med høve til å få seg middag. Det er eit tilbod ikkje berre gjestene på hotellet, men også lokalbefolkning, nyttar seg av, seier Siw Høyvik Øren og Frode Øren, som eig og driv hotellet, til Ytre Sogn.



Det betyr også at fem av dei i alt åtte tilsette som vart permitterte i mars no kjem tilbake i arbeid.



– Men det blir i halve stillingar, fordi det ikkje vert full drift ved hotellet. Når det skjer, er det aktiviteten framover som vil bestemme, seier dei.



Samstundes førebur dei seg på å opne Fia Pub igjen. Det vert fredag 5. juni.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord