Snart klart for teaterframsyning


Årets valfaggruppe ved Høyanger skule er i full sving med førebuing av oppsettinga deira av «Hakkebakkeskogen», som dei skal framføre på Høyanger samfunnshus torsdag 16. februar.

Det er torsdag føremiddag når Ytre Sogn kjem på vitjing til ei av dei mange øvingane til årets valfaggruppe ved Høyanger skule, som i år skal stå på scena i Høyanger samfunnshus med familieframsyninga «Hakkebakkeskogen» den 16 februar.

Bakermeister Harepus og bakergut klara å lure reven med sine dobbel peprade peparkaker.

Fekk velje rolle

– Korleis fekk de rollane de spelar?
– Alle saman skreiv ned ei liste i numerert rekkjefølgje over dei rollene vi helst ville spele, og fekk på den måten vere med og velje rollene våre, seier Elisa Kvist Ganderud og Sandra Kyrkjebø som spelar bakermeister harepus og bakargut.

– I fjor hadde vi oppsetting av «Kardemomme by», som berre vart vist internt til barnehagar og skule.
Difor ynskte vi i år å sette opp ei ope framsyning som passa for born og vaksne i alle aldrar, og då vart det klassikaren «Hakkebakkeskogen», fortel lærar og instruktør Sonja Aasen Aardal.

Meir om saka i Ytre Sogn tysdag