Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. januar 2018
Ytre Sogn 20. januar 2018

Jan Even Østerbø (biletet) frå Brekke i Gulen kom frå jobb hos ein av dei største i oppdrettsnæringa, nemleg Marine Harvest, til ein av dei minste. – Det er ikkje ofte ein får moglegheit til å vere med på noko slikt, seier han om det nye landbaserte kveiteanlegget til Sogn Aqua.

Snart full drift ved kveiteanlegg

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. januar 2018

Til sommaren reknar Jan Even Østerbø med at det er full drift ved Sogn Aqua sitt nye, landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik.

– No har vi teke i bruk rundt 80 prosent av anlegget. Av dei i alt ti rennene, er det fisk i åtte. Totalt i systemet er det vel 250.000 fisk. Men vi reknar med at vi i løpet av våren også skal ha klare dei to siste, og då kjem vi nok opp i vel 300.000, seier driftsleiaren når vi møter han ved anlegget, som ligg heilt nede ved fjorden i Ortnevik, denne ettermiddagen i januar.

Vel to år har gått sidan dei tok første spadetaket til det som blir verdast største kveiteanlegg på land. Til saman blir det investert mellom 30 og 40 millionar kroner i anlegget, som legg beslag på rundt 10. 000 kvadratmeter av landbruksarealet i den vesle bygda på Høyanger sørside. I tillegg kjem kostnadene med fisk og fôr.

– Vi har hatt fisk i anlegget medan bygginga har pågått, men det var frå hausten 2016 og utover at hovudtyngda kom. Då flytta vi fisk frå anlegget vårt i Slantevika, nokre kilometer ut fjorden, som etter kvart vil bli eit påvekstanlegg.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord