Når dei nye episodane i den populære dokumentarserien «Bli med heim» rullar i gang på NRK Super til hausten, er Håkon Gunnarskog (9) frå Høyanger hovudperson i ein av dei.
I heile vår har nemleg regissør Wilheilm Støylen og fotograf Ole Andre Rekkedal følgd han og familien, som bur på Dale i Høyanger. At nettopp dei vart utvalde til dokumentarserien for born har med engasjementet deira i korpsmiljøet i bygda å gjere. – I denne serien blir vi med heim til ulike familiar. Tema er gjerne bestemt på førehand, og i dette tilfellet ville vi ha ein episode om det å spele i korps. Så då måtte vi finne ein passande familie, med eit barn i alderen 6-10 år som kunne vere hovudpersonen, fortel Støylen til Ytre Sogn. Og etter å ha undersøkt litt i miljøet i fylket enda dei slutt opp med familien Gunnarskog, der både far Børge, mor Øygunn og borna Sølve (16), Vegard (12), Sigrid Øygunn (9) og Håkon (9) spelar i korps. Ja, nokre spelar til og med i to. – Dei er alle veldig engasjerte i det å spele i korps, og sidan vi denne gong ønskte ein gut i hovudrolla, fell valet på Håkon. Så vi har følgd han og familien i kvardagen, fram mot det som er kanskje ein av årets største dagar for alle saman, nemleg 1.mai, når dei er ute og spelar i ikkje mindre enn tre tog, seier Støylen. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!