Snart byggjeklart på skuletomta i Hyllestad


Tomta der den nye fleirbrukshallen i Hyllestad skal liggje nærmar seg byggjeklar. Både symjehall og gymnastikksal er rive, og arbeidsfellesskapet GBT AS er no i gang med å planere det ut.

– Den nye hallen skal liggje på eit litt lågare nivå enn det gamle bygget, så no jobbar vi med og grave og planere ut dette området, seier byggjeleiar for prosjektet, Jostein Ryland frå Ryland Bygg AS, til Ytre Sogn.
Arbeidet held fram
Sjølv om sommarferien er godt i gang for mange held arbeidet fram på byggeplassen der den nye fleirbrukshallen i Hyllestad skal stå hausten 2019. Det er arbeidsfellesskapet GBT AS, som er eit samarbeid mellom grunnentreprenørane Trond Magne Sognnes AS, Terje Sunde AS og Ryland Bygg AS, som har totalentreprisen på prosjektet.
Byggjeleiar Ryland fortel at arbeidet går etter planen og at hallen vil stå klar til hausten neste år, pluss minus ei veke.
– Kva arbeid er det som er gjort til no?
– Vi har først og fremst lagt om heile den tekniske infrastrukturen, fordi det nye bygget er mykje større enn det som stod her, og lagt om alle telekablar, vatn- og avløpsrøyr. Så hadde vi ei miljøkartlegging i samband med rivinga av symjehall og gymnastikksal, slik at vi fekk ein oversikt over kva ulike stoff og materiell dette bestod av, og fekk sanert alt miljøfarleg avfall, seier han.
Vidare fortel han at all betong frå konstruksjonane som er rive har blitt testa og sidan knust, og vil bli gjenbruka som fyllmasse på tomta.

Store investeringar
– Deler av det gamle bygget stod litt høgare enn det nye fleirbrukshallen vil, så vi har sprengt ned fjellmassen for å kome ned på det nivået og det skal planerast ferdig no i sommar. I veke 33 startar betongarbeidet og sjølve bygginga av hallen startar i veke 40. Bygget skal vere ferdig utvendig til nyttår, seier han.
-Har det vore problem undervegs i arbeidet?
-Vi visste ikkje kva som var i byggingsmassen når vi starta så vi har støtt på nokre ting det har vore meir av, men det har ikkje vore nokon problemstilling berre ein endring av volum, fortel han.
Det var før jul i fjor at arbeidsfellesskapet GBT AS fekk oppdraget med å byggje fleirbrukshallen i Hyllestad.
Hallen får eit areal på til saman 2960 kvadratmeter og har ei kostnadsramme på rundt 40 millionar kroner. Den vil blant anna innehalde ei ballbane på 45x25 meter, treningsrom, biljardrom og garderobar, i tillegg til å dekkje både skulen og kulturskulen sine rombehov til aktivitetar som dans, musikk og kunst.