Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

F.v. Jon Kristen Solås, Ingunn Indrebø, Arve Ove Gjermundstad og Inger Anette Vik Olsen har vore pådrivarar for frisbeeparken. (Alle foto: Mohanned Galal)

Opna frisbeepark i Vadheim

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 1. oktober 2018

Folk i Vadheim trossa det ufyselege vêret og møtte opp i hopetal for å vere med då bygda denne helga fekk eit nytt fritidstilbod – parken Vadheim IL Discgolf.

Det starta med at initiativtakar Ingunn Indrebø takka alle dei frammøtte, og meinte at eit oppmøte på omlag 60 personar var langt over forventa – vêret teke i betraktning. Ho kunne fortelje at det var blitt brukt omlag 400 dugnadstimar på prosjektet.
– Born, ungdom og vaksne har stått på for å få dette til. Det er vi veldig glad for. Det er samlande for ei bygd som dette, og det treng vi på så små plassar, sa Indrebø.

Les meir om frisbeeparken i Ytre Sogn tysdag

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord