Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Gunn Lerøy vil vere på plass i den nye rådmannsjobben i Lærdal i byrjinga av august.

Sluttar som rådmann i Hyllestad kommune


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. mai 2020

Etter halvanna år i Hyllestad kommune takkar Gunn Lerøy for seg, og blir rådmann i Lærdal kommune
.

– Det var vanskeleg å seie nei då eg fekk tilbodet frå Lærdal kommune, blant anna med bakgrunn i at eg har familie og vener i indre Sogn, og hadde eit ønskje om å kome nærmare dei, seier Gunn Lerøy (55), som kjem frå Årdal, til Ytre Sogn. 



Før ho byrja som rådmann i Hyllestad på nyåret i fjor var ho leiar for eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. 



– Eg har likt meg veldig godt i Hyllestad kommune, og blitt kjend med mange hyggjelege folk, både kollegaer og folkevalde. Eg kunne godt ha fortsett eit par år til, men det er ikkje sikkert at eg då hadde fått ein slik moglegheit igjen, seier Lerøy etter det ho vil oppsummere som ein både spennande, lærerik og krevjande jobb i Hyllestad kommune. 



– Det er noko eg heilt sikkert vil dra nytte av no som eg byrjar i tilsvarande jobb i Lærdal kommune. Eg er difor takksam for tida eg har fått vore her, seier Lerøy. 



Ho startar i den nye jobben i Lærdal kommune byrjinga av august. 



Før sommarferien


I mellomtida må Hyllestad kommune finne arvtakaren hennar.



- Dette vil bli teke raskt fatt i. Vi skal ha møte i administrasjonstvalet no på tysdag, og då er innstillinga at vi set i gong med utlysing, og at vii utgangspunktet ikkje brukar rekrutteringsbyrå til å gjere det, seier ordførar Kjell Eide til Ytre Sogn.



Han håpar at tilsetjing kan skje allereie på kommunestyremøtet i slutten av juni.


Eide tykker elles at det er kjedeleg at dei mister rådmannen sin etter såpass kort tid.



– Ho har gjort ein god jobb for Hyllestad kommune, blant anna når det gjeld å få orden på økonomien. Samstundes har eg forståing for ønskjet hennar om å kome nærmare familie og vener i indre Sogn, og at moglegheiten til same type jobb der inne kanskje ikkje kjem igjen, seier han.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord