Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Slutt for Saint Jean Wheels

Slutt for Saint Jean Wheels

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 31. oktober 2018

31. desember er det slutt på hjulproduksjon hos Saint Jean Wheels (SJW) i Høyanger

Det har eigar Saint Jean Industries (SJI) no avgjort, på bakgrunn av sviktande økonomi og manglande sal.  Attverande produksjon vert flytta til USA, går det fram av ei pressemelding som selskapet, ved fabrikksjef Pierre Ansay, har sendt ut.

Dei tilsette vart informert om avgjerdapå eit møte klokka 9.00 onsdag morgon.

– Dette er ein trist dag for dei tilsette og for samfunnet, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland i ein kommentar til avgjerda, og legg til at dette truleg er punktum for felgproduksjon i bygda.

SJW vart stifta i 2010 året etter at Fundo Wheels gjekk konkurs. Siste tida har dei hatt rundt 35 tilsette i Høyanger.

Les meir om avgjerda i Ytre Sogn fredag

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord