Slo Berlevåg 3-0


Høyang sitt J13/14 lag slo Berlevåg i første kampen i B-sluttspelet i Norway Cup.

I går tapte jentene frå Høyanger 6-1 mot Herd i siste kamp i gruppespelet, og enda med det på tredje plass. Dermed vart det B-sluttspel og 16-delsfinale på dei, og første kampen enda altså med siger 3-0 over laget frå Finnmark, etter godt spel og mange målsjansar.

Målskårarar for Høyang var Tiril Aadland Engen, Anna Strandos Måredal og Kristine Fureli Kvikne.

Neste kamp er i ettermiddag, når dei spelar 8-delsfinale mot Krødsherad.