Slik kan det nye fellesbygget i Lavik bli


– Vi håpar at planane om eit slik bygg kan bidra til at vi framleis kan ha ambulansestasjon i Lavik, seier Reinert Jensen, styreleiar i Stiftinga Heimlund, til Ytre Sogn.

Dei har no hatt møte med Høyanger kommune – med ordførar Petter Sortland i spissen – om planane om å få til eit fellesbygg på den gamle sjukeheimstomta i Lavik sentrum, der blant anna ambulanse og brannvesen skal inn. 

På møtet vart blant anna innhald, plassering og finansiering av eit slikt bygg diskutert.

– Det er viktig at vi får kommunen med på laget, og det føler eg at vi har. Så dette var eit veldig positivt møte, seier Reinert Jensen til Ytre Sogn.

På møtet vart det også lagt fram skisser av eit tre etasjar høge bygget, med eit samla bruksareal på rundt 1200 kvadratmeter, utarbeidd av Jostein Ryland i Ryland Bygg. Han deltok også på møtet, saman med representantar frå ambulanse, brannvesen, kommune og helselag. 

Jensen fortel at dei også ser føre seg seks nye omsorgsleilegheiter i øvste etasje.

–Vi driftar allereie ni slik leilegheiter i Lavik, og har per i dag fleire på venteliste. Så det er behov for det, seier han.

I tillegg vil dei altså ha med kommune og helseføretak som leigetakarar, til høvesvis brannvesen og ambulanse. Vidare er det lagt opp til parkering til omsorgstenesta – ein såkalla carport – i bygget.

–Det er viktig at vi har kommunen med på laget, og det føler eg at vi har etter møtet vi nyleg hadde. Så får vi håpe at vi etter kvart også får med oss Helse Førde. Vi er avhengige av langsiktige kontrakar, seier Jensen og legg ikkje skjul på at han håpar at planane om eit slikt fellesbygg vil bidra til at dei framleis kan ha ambulansestasjon i Lavik. 


Dagens bygg stettar nemleg ikkje krava.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Med på møtet var (f.v.) Frode Akse, Einar Tjønnås, Jarle Gjermundstad, Petter Sortland, Reinert Jensen, Gunnbjørg Friis, Jostein Ryland og Olav Nordgulen.