Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Det er Arkitektkontoret A38 som har teikna nye Elvegata 22. Dei står også bak andre sentrumsbygg i Høyanger, blant anna sjukeheimen, omsorgsbustadane og - no sist - rådhuset. Her ser vi bygget frå den sida som vender mot elva. (Illustrasjon: Arkitektkontoret A38)

Slik blir nye Elvegata 22

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 14. september 2018

– Det vil sikkert vere delte meining om det nye bygget, men slik vil det alltid vere. Sjølv tykkjer vi at det får eit meir spenstig og moderne uttrykk, seier Frode Øren og Terje Lillehauge i Høyanger Bustadstifting til Ytre Sogn.

Dei snakkar om fasadeteikningane til nye Elvegata 22 i Høyanger, som planutvalet i kommunen godkjende på møtet denne veka, sjølv om tilrådinga frå administrasjonen var ei anna. Sistnemnde meinte blant anna at ein burde prøve å ta vare på den tidstypiske arkitekturen som bygget representerer. Teikningane som bustadstiftinga har fått Arkitektkontoret A38 til å utarbeide, legg nemleg opp til full ombygging, som inneber at heile fasaden vert endra. Administrasjonen trakk blant anna fram vindauge, som virka tilfeldig plasserte og i ulike storleikar.

Men som styreleiar Frode Øren sa under presentasjonen sin på møtet har det med byggtekniske høve og krav som hovudleigetakar NAV set, blant anna til innsyn i rom og tilsette sin sikkerheit.

– Det vil vere umogleg å ta vare på den gamle fasaden om bygget skal oppfylle desse krava, sa Øren, og var naturlegvis fornøgd med at planutvalet etterpå valde å godkjenne teikningane.

Les meir om planane i siste utgåve av Ytre Sogn!

Terje Lillehauge (f.v.) og Frode Øren i Høyanger Bustadsfting er nøgde med at ombygginga no kan ta til. (Foto: May Britt Eide)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord