Skytehjelp på elitenivå


Laurdag deltok 13 unge skyttartalent på samling i Høyangerhallen med eliteskyttar Anette Thingbø Sundnes som instruktør.
– Eg har fått utruleg mykje god hjelp frå andre i mi eiga skytekarriere, så dette er ein kjekk måte for meg til å kunne gje noko tilbake.

Anette Thingbø Sundnes har gjennom fleire sesongar vore i landstoppen, og på merittlista står mellom anna to gull i Nordisk meisterskap for seniorar i 2016 og to sigrar i Norgescupen. I fjor haust flytta skyttaren, som opphaveleg er frå Time i Rogaland, saman med ektemannen Joakim til Balestand. Der har ho blitt del av Balestrand skyttarlag, og engasjert i det lokale skytemiljøet.

– Eg har dessverre lite tid til å vere instruktør grunna eiga satsing og studier, men dette er ein type aktivitet som eg trivst veldig godt med. Det er givande å sjå både meistring og utvikling hos dei unge som interesserer seg for skytesporten.

Instruksjonssamlinga i Høyanger vart arrangert av Sogn Ytre Skyttarsamlag og Vadheim, Nesse, Fjordane, Balestrand, Lavikdal og Bjordal-Søreide skyttarlag. Primus motor Ivar Meek Ljotebø fortel at samlinga, som i helga vart arrangert for andre år på rad, er eit av fleire lokale rekrutteringstiltak.

Veldig mange som prøver seg på skyting synst at det er ein kjekk aktivitet, men vi ser at det er ein del fråfall når skyttarane nærmar seg ung vaksenalder. Vi håpar at tiltak som dette der kvar einskild skyttar kan utvikle seg vidare under kyndig rettleiing kan virke både inspirerande og motiverande for deltakarane.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Trude Kjos Ullebø (f.v), Madeleine Hellesund, arrangementsansvarleg Ivar Meek Ljotebø, Lisa Meek Ljotebø og Hedda Andrine Skår Indrebø koste seg på instruksjonssamling. Pausane innimellom rundane på skytebana gjekk med til speling, og i følgje dei fire jentene er det sosiale vel så viktig som sjølve skytinga.