Skulen i Høyanger utfordrar lokale bedrifter


Ståle Walsvik og Torill Thorbjørnsen ved Høyanger vidaregåande skule utfordrar no lokale bedrifter til å leggje fram konkrete problemstillingar som elevane deira kan løyse.

Det skjer i samband med Entreprenørskapsdagen som blir arrangert i Høyanger 18.juni.

– Første gong vi gjorde dette var i samband med innovasjonscampen vi hadde tidlegare i vår, då Høyanger-bedrifta Nyrstar la fram ei problemstilling knytt til drift som dei ville ha løyst, og som dei bad om innspel på. Elevane vart då sett ned i grupper for å kome opp med forslag, som dei etterpå presenterte for bedrifta. Og etter å ha sett kor godt elevane jobba med det - og positive tilbakemeldingar både frå elevar og bedrift - tenkte vi at det hadde vore moro å gjere noko liknande med ungdomsbedrifter, seier Ståle Walsvik, avdelingsleiar for yrkesfag på Høyanger vidaregåande skule, til Ytre Sogn.

Difor har skulen no utfordra ei rekkje lokale bedrifter til å leggje fram konkrete oppdrag, anten det går på tenester eller produkt, som elevane deira kan prøve seg på - og gjerne bruke som utgangspunkt for ungdomsbedrifta si.

– Det kan vere noko så enkelt som at bedrifta treng reklamemateriell som vi til dømes kan lage med laserkuttaren vi har i Reodorgarasjen her på skulen, påpeiker han.

Det heile vil skje under Entreprenørskapsdagen, som dei arrangerer for første gong i Høyanger samfunnshus den 18.juni. Med på laget har dei fått Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Høyanger Næringsutvikling.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!