Skuffa over manglande respons, men har ikkje mista trua


I fjor søkte Alex Ek Høyanger kommune og 20-30 store og små bedrifter om støtte til oppussing av ein gamal seglbåt. Ingen har teke seg bryet med å svare han.

Alex Ek meinte sjølv at dette kunne vere ein unik moglegheit for næringslivet til å vere med og gjere ein skilnad. Miljøarbeidaren har hatt 35 ungdomar med i prosjektet, og målet har vore å gjere Robinson Navy-båten sjødyktig og segle med glade ungdommar på Sognefjorden.

- Det hastar

Han og ungdomane har arbeidd fleire hundre dugnadstimar, og no ligg båten heilt ribba og i tørk hjå Ornes Båtbyggeri i Luster.

–For å få båten heim til Høyanger tetta og med forholdsvis ny Volvo Penta motor, då må det vere minimum 150.000 kroner, men helst 200.000 kroner på konto innan 1. februar. I så fall startar bygginga i februar og båten er klar til sommaren. Vi kjem til å jobbe kontinuerlig for å skaffe inntekter, seier Ek.

Men det hastar.

- Det blir veldig trasig om vi må vente eit år til, seier Ek og legg til at dei er heilt avhengig av respons frå kommune og næringsliv.

–Høyanger kommune har alt å tene på å vere med på dette, seier han.

Han vedgår at han er skuffa over manglande respons frå kommune og næringsliv.

- Til no er det berre mannen i gata som har reagert positivt, men eg er alltid positiv og det er endå tid att. Dette betyr så mykje for ungdomane, og alle tener på at dei har noko å gjere på.

Ros frå politi

–Førebyggjande arbeid er noko politiet meiner er svært viktig å ha eit fokus på, seier politibetjent Frida Nessestrand Vefring i Høyanger.

–I Høyanger har det vore utfordringar i ungdomsmiljøet over ein lengre periode, og politiet synest initiativtakarar som ønskjer å arbeide med ungdom i eit førebyggjande perspektiv er særs bra. Båt-prosjektet til Alex Ek er eit slikt prosjekt, som tydeleg har treft ei gruppe med ungdommar som gjerne ikkje har blitt omfamna av andre tilbod og aktivitetar i kommunen, seier ho.

Alex Ek vil ha med heile bygda på ein spleis for ungdommen, men er betenkt etter responsen.