Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Rektor Torill Thorbjørnsen ved Høyanger vidaregåande skule er skuffa, men ikkje overraska over forslaget om å flytte vg2 frisør.

Skuffa, men ikkje overraska over forslaget

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. november 2019

–Dette er eit tilbod vi absolutt ikkje ønskjer å miste, seier rektor Torill Thorbjørnsen ved Høyanger vidaregåande skule til Ytre Sogn.

Ho er skuffa over at vg2 frisør no er føreslått flytta til Eid vidaregåande skule, der vg1-tilbodet ligg.

Det er likevel ikkje uventa at forslaget kjem opp, med endringane som no kjem i tilbodsstruturen i den vidaregåande skulen, seier ho. Frå neste skuleår blir det nemleg to nye vg1-kurs; i design og tradisjonshandverk og i frisør-, blomster- og interiørdesign. Det siste er føreslått ved tre vidaregåande skular i det nye vestlandsfylket; Årstad, Voss og Eid, og dit er også vg2-tilbodet no føreslått lagt.

– Vi ser at tilbodet om vg2 frisør bør samlokalisert med vg1 frisør-, blomster og interiørdesign, for å greie å rekruttere til vg2-tilbodet. Difor spelte vi også inn forslaget om at det vart lagt til skulen vår. Men det fekk vi ikkje til om vi skal leggje tilrådinga frå fylkesdirektøren til grunn, seier Thorbjørnsen.

Ho seier at vg2 frisør er eit tilbod dei absolutt ikkje ønskjer å miste. I tillegg til at det sørger for breidde i tilbodet ved skulen, rekrutterer det også elevar frå eit større omland.

– Det handlar også om at to lærarar ved skulen kan bli overtallige om tilbodet no blir flytta. Kva kan vi no tilby dei? Det er jo lite sannsynleg at dei vil pendle heilt til Eid, seier ho.

Som ein kompensasjon for at skulen i Høyanger mister vg2 frisør, er det føreslått å opprette vg2 helsefag ved skulen i Høyanger. Tilbod om vg 1 helsefag ligg allereie inne.

– Det var også noko vi spelte inn forslag om. Så det er vi nøgde med, seier Thorbjørnsen.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord