Skivenesvåg vann Hyllestadstemne


Jørgen Skivenesvåg frå Hyllestad skyttarlag vann årets Hyllestadstemne med 348 poeng.

På 100 meter vart det prestert svært mykje god skyting.

Rekruttklassen vart vunnen av Torgeir Haugsvær, Oppedal/Brekke skyttarlag, med 350 poeng. Same poengsummen oppnådde også lagkameraten Christian Hjartholm Solheim, men han måtte ta til takke med andreplassen.

I klasse eldre rekrutt var det også to frå Oppedal/Brekke skyttarlag som skaut fullt hus. Kristian Haugsdal Asheim vann framfor Hanna Solheim på andreplass.

I V65 gjekk Asbjørn Massnes, Oppedal/Brekke skyttarlag til topps med 349 poeng.

Totalt var det med 158 skyttarar.

Les meir i papirutgåve