Skal setje saman kor til Chris Medina-konsert


Likar du og synge, og kan tenkje deg å vere med på eit korprosjekt som leier fram til opptreden med sjølvaste Chris Medina? Då vil Anita Nordheim og Maria Brendehaug Petersen i Høyanger kommune gjerne ha deg med.

– Vi er på jakt etter folk i alle aldrar, frå 10 til 100 år, som likar å syngje og kan tenkje seg å vere med i eit stort blandakor som får opptre med Chris Medina under julekonserten hans i Høyanger kyrkje den 9. desember, fortel Anita Nordheim og Maria Brendehaug Petersen til Ytre Sogn.

Den amerikanske songaren vart kjend over heile verda for den rørande opptredenen sin i tv-showet «American idol» for nokre år sidan, då han framførte «What are words» som var inspirert av kjærasten hans som vart alvorleg hjerneskadd i ei bilulykke, og valet hans om å vere der for ho etterpå. No er den same Medina aktuell i eit anna tv-show - «Århundrets stemme» på TV2.

Konserten i Høyanger er del av ein større juleturné som Chris Medina legg ut på i slutten av november. Undervegs vil dei gjerne ha med lokale kor.

– Eirik Næss, som spelar i bandet hans – og som eg kjenner frå tidlegare - lurte på om Høyanger Vocalis var interessert i å vere med på konserten i Høyanger kyrkje. Men då måtte eg svare at koret nok var for lite til å ta på seg den oppgåva åleine. Vi klarte likevel ikkje å sleppe det, og etter å ha teke ein runde i kulturetaten kom vi fram til at dette må vi få til. Så no kjem vi til å prøve å samle eit stort blandakor til å opptre saman med han, og byrjar med og gå ut og fortelje om det i avisa. Så hadde vi fått til eit kor på 40-50 personar så vil vi vere strålande nøgde, seier Nordheim.

Les meir i Ytre Sogn fredag!