Høyanger vidaregåande skule er representert med fem elevar når Fylkesmeisterskapen i yrkesfag 2017 går av stabelen i Førde torsdag denne veka.
-Ved å få inn konkurransemomentet i faga, kan dette virke motiverande på elevane. Når dei stiller opp i fylkesmeisterskapen vil dei sjølvsagt gjere det best mogleg. Det er også «spot on» i høve til læreplanen, seier Jardar Trollebø, som er avdelingsleiar for yrkesfagleg utdanningsprogram, til Ytre Sogn. Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som arrangerer meisterskapen, i lag med med World Skills Norway, som arbeider for å auke statusen til, interessa for og kvaliteten på norsk yrkesutdanning. NHO, LO, KS og Utdanningsdirektoratet er blant dei som står bak organisasjonen. Det er første gong Høyanger vidaregåande skule er med , og dei stiller med fem elevar. To frå Elektrofag (2ELA) og tre frå Industriteknologi (2IT). To av dei som skal delta er Renè Vamråk (17) og Isak Strømmen Bøyum (17), begge frå Høyanger. Dei går begge i 2ELA,og skal konkurrere i automasjon og installasjon. --Så får vi berre håpe at vi representerer skulen på ein bra måte, seier dei til Ytre Sogn. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!