Skal fordele 400 000 kr til lokale koronatiltak


Utval for kultur og folkehelse i Høyanger skal i møte torsdag denne veka fordele tilskotspotten på 400 000 kroner til lokale koronatilskot.

Det er identisk med summen Hydro Høyanger har gitt i gåve til same føremålet. Det har vore drøftingar mellom dei og kommunen om fordeling og prioritering av midlar. Hydro Høyanger gir midlar til Siplo tråkkemaskindrift og til offentleg toalett ved Austreim badestrand - 200.000 kroner til kvar av desse føremåla.

Rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger kommune tilrår utvalet å fordele tilskotspotten slik:
- Høyanger skulemusikk - 30 000 kr
- Lavik IL - 2 500 kr
- Vadheim IL - 30 000 kr
- Kyrkjebø sanitetslag - 15 000 kr
- Ikjefjord bygdelag - 40 000 kr
- Turngruppa, IL Høyang - 20 000 kr
- Røde Kors - 22 500 kr
- Fjordbrass Lavik - 45 000 kr
- Klatregruppa, IL Høyang - 20 000 kr
- Torvund og Aven grendalag - 20 000 kr
- Lavik karateklubb - 25 000 kr
- Bjordal og Søreide IL - 20 000 kr
- Fotballgruppa, IL Høyang - 50 000 kr
- Lavik skulemusikk - 60 000 kr

16 søknader

Felles prioriteringar for midlane er å kompensere dokumenterte tapte eller mista inntekter grunna Covid 19 til lag- og organisasjonar i kommunen, og gode fritids- og kulturføremål der born og ungdom vert prioritet

- Det var totalt 16 innkomne søknadar. Når ein tek vekk søknaden frå Siplo tråkkemaskindrift, gjenstår 15, som alle får midlar frå kommunen sin pott, opplyser Brekkhus.

Ho karakteriserer dette som relativt få, sjølv om desse midlane har vore godt annonsert i avis og på nett, ved fleire høve.

-Noko av grunnen kan vere at det har vore fleire nasjonale tiltak kulturlivet kan ha nytta.